Wednesday, October 1, 2008

Katanga - Nkinzi Road





Nkinzi Road er vegen frå butikken til hostellet.

(trykk på bilda for større versjon)




















Litt tomt i bodene - vanlegvis folk overalt. Tirsdag var siste dagen av Ramadan og dei vart til slutt bestemt at det skulle vere ein offentleg helligdag.

















Heilt typisk ugandisk stillas... Det er forresten veldig mange plassar som reklamerar for maling her.












Utrulig mykje rart blir frakta på sykkel - kasser med brus blir bindt fast - tre oppå kvarandre på bagasjebrettet, og ei på kvar side. Regelen er visst "kan det surrast fast, så skal det surrast fast og så syklar vi litt i heilt vill trafikk og håpar å ikkje dø i dag".









Mange driv ganske provisoriske verkstadar her i området - bilane dukkar opp på alle tomme plasser - som på byggeplassen her.

Plutselig ein dag var der masse maskinar, og lastebilar som frakta bort jord. 20 meter av veien, og heile breidda, vart ei 15cm djup myr.






Det var umulig å kome forbi, folk 'klatre' langs kantana for ikkje å synke nedi. Å gå med sandalar gjekk ikkje bra - dei satt så godt fast at eg var sikker på dei skulle sletne - og å gå med vanlige sko var verre, då var dei dekka av gjørme når du kom over på andre sida. Det var trass alt lettare å vaske føtene enn å vaske sko, men vi endte opp med å gå en lang omvei i nokon dagar før lastebilane forsvann like plutselig som dei kom.







Bygninga bak den gule plakaten er eit av kirkebygga. Det har litt veggar og ein del tak, og det er langt frå nok til å stenge ute lydane av 'worship' kvar torsdag, fredag og lørdag kveld - for ikkje å nevne heile søndag, frå 8 om morgonen.















To hostell, Akamwesi er det gul-ferskenfarga til venstre. På den grøne bygninga held dei på å bygge fjerde etasje, men folk har for lengst flytta inn i både andre og tredje. I dei to bygga er det nokon bittesmå butikkar/kioskar.
















Skulevegen ned frå Makerere, der Nkinzi Road møter hovedvegen, Bombo Road.

Igjen kan syklar brukast til å transportere litt av kvart...
















Området er blandt dei fattigaste i Kampala, men held på å arbeide seg opp frå slum-statusen det har hatt så langt. Bygging av hostell for studentar langs heile eine sida av Nkinzi Road gjer at høgre sida har store bygninger, mens venstre sida fortsatt har mest små skur.

No comments: