Friday, December 19, 2008

Siste dagar

Det var litt rart å gå frå campus for siste gong, å vete at eg kanskje aldri kjem tilbake.

No er alle eksamen ferdige, er berre å rydde rommet og pakke kofferten igjen. Om 48 timar er eg på Heathrow, og då er det berre 26 til eg er heime.

Kræsja på motorsykkel for to dagar sia og vart nesten arrestert for 'trespassing' i går - hadde mitt første med korrupsjon då vi måtte bestikke sikkerhetsvaktene.


Kanskje på tide å reise heim?

Sunday, December 14, 2008

Oppslag på tavla på Akamwesi:


På grunn av mange klagar frå naboar (the community) har det vorte sendt brev til kirka oppe på vegen frå eit statleg organ (?).

Reglar for støy og lydnivå vart forklart og det kom tydeleg fram at ei kirke ikkje får bråke meir enn andre bedrifter eller utestadar.


To reaksjonar:

  • Fantastisk! Det er ikkje berre eg som er irritert! (sjølv om eg har blitt vant til det, dei no ventar med å starte med ropinga i mikrofonane til klokka er rundt 10, og eg har lært å sove gjennom det meste). Men det her forklarar kvifor nokon spikra opp plater rundt taket der midt på natta i veka ein gong...
  • Ei kirke som får skriftleg advarsel om at dei bråkar for mykje. Er det i det mulig??

Tests & Course Works


Så langt ser det sånn ut:

SAN 2104 - eitt course work og ei framføring i gruppe
SAN 2105 - to tests og eitt course work
SAN 3101 - to tests (og eitt course work før eg begynte)
SAN 3107 - to course works
DES 2111 - ein test
DES 3111 - ein test og eitt course work

Det første eg fekk tilbake var test i 3101 - Professional applications. Vi hadde ca. en og en halv time på å svare på tre spørsmål, og kunne få til saman 75 poeng. Eg fekk 3.

Det var ein av forelesaren sine assistentar som retta og ho opplyste klassen om at hadde problem og burde få hjelp. God start...

Neste var test i DES 2111, fekk 20 av 30. Veldig fornøgd med tanke på den siste...

Så må det ha skjedd eitt eller anna.

Test SAN 2105 (20/30)
Course work SAN 3107 (22/30)
Course work SAN 2104 (23/30)
Test SAN 3101 (26/30) Course work
SAN 3107 (13/15)

Så hadde vi en test. Vart litt seint kvelden før, hadde hatt forelesning sia 8 den morgonen og huskar berre at testen gjekk dårlig. Veldig dårlig. Fekk den igjen i dag.

Test SAN 2105 (27/30)


Muligens hjalp det å spørre folk i alle klassane om "Korleis likar akkurat den her forelesaren at vi gjer ting?" (alle har ulike reglar), lærte at man skal bruke innrykk, ikkje avsnitt. Fotnotar må brukast (ikkje lov i Bergen), skal vanlegvis ikkje skrive på data, skal lage eiga framside.

Eksempel skal vere med, då som i konkrete eksempel frå spesifikke samfunn i Uganda - sånn som alle her kan men vi aldri har hørt om. Og man må ha 'points' - veldig viktig! Alt i alt veldig forskjellig frå Bergen.

Tydelegvis var alt det der veldig viktig for no når eg endeleg har lært det ser det ut til å gå bra. Men eg skulle uansett likt å vete kva som var så veldig forskjellig med dei oppgåvene, i same fag, som eg skreiv stort sett det same på, der ei var "verdt" 4% og den andre 87%...

Kirken beklager ofring av barn


Daily Monitor
Namirembes erkebiskop Samuel Balagadde Sekadde har fordømt økningen av barneofring i landet og sier de leder mange ugandere på feil vei. Biskopen sier han undres hvordan mennesker kan unngå søken etter Gud for å øke egen rikdom og delta i barneofringer.

"Vi blir triste over tingene vi leser i media om folk som ofrer barn for å oppnå rikdom, heller enn å vende seg mot Gud," sa biskopen på høsttakkemessen i Entebbe St. Johns Parish.

Biskopens uttalelser kom kort tid etter politiet arresterte Mr Kato Kajubi, forretningsmann i Kampala, for å ha bestilt et rituelt drap på en 12 år gammel gutt.

Snaps


Fenomenet 'snaps' er litt spesielt her. Det kjeme nok av at folk flest ikkje har kamera sjølv og det å ha bilder av seg sjølv og venar er noko folk set stor pris på.

Rundt om på campus, på kjøpesenteret og enkelte stadar i byen finn ein menn med kamera som tek bilder av folk, og ein kan få dei framkalla innan ein time eller ein dag, alt etter kvar ein er.

Så er det på tide å gje dei bort, og det verkar som at det er ganske spesielt å gjere det. Ein i klassen gav med fire bilder av seg sjølv og brukte lang tid på å forklare kvart av dei.

Ein annan gav meg eit og var overraska over at eg ikkje kunne gje han eitt av meg sjølv - "Har du ikkje snaps?!" Det er visst noko alle har, og dei fleste har nok det heime og, men då på ein PC, i digitalformat.

Litt som Norge nok var for nokre tiår sia, enkelte ting og haldningar her gjer ein følelsen av å vere i ei tidsmaskin...

Thursday, December 11, 2008

... og der slutta visa-kortet å verke. Igjen.


Kan det vere at då dei sendte ut nytt kort slutta det gamle å verke, sjølv om dei sa det ikkje kom til å skje?

Enkelte ting gjer at det kanskje blir litt godt å kome heim igjen, iallfall for ei stund.

Nesten veskenappa


På veg heim frå Ground Zero, ein reggae klubb, ei stund etter midnatt kjente eg noko ved skuldra mi. Så drog nokon hardt i veska. Eg skjønte kva som skjedde, armen låste seg fast, eg tenkte "Lommebok, nøkkel og eg likar den veska her", så å sleppe den var ikkje eit alternativ.

Han drog hardare, eg heldt fast. Korleis eg enda opp på bakken er eg ikkje sikker på, men han drog meg ned frå vegen der han prøvde å stikke av.

Han hadde visst ikkje forventa å måtte slåss for veska og skjønte muligens at han ikkje kom til å få tak i den. Han eg gjekk saman med fekk jaga han bort og då ein anna mann kom bort sprang den mislykka tyven ned i 'slummen'.


Er veldig imponert over den nye bruktveska mi akkurat no - at nokon kan drage så hardt utan at stroppane ryk er jo ganske bra. Er litt oppskrapa og har eit par blåmerke, og eg bør vel ikkje sei at det var direkte artig å bli forsøkt rana men alt gjekk jo bra og no har eg prøvd det og :)

Monday, December 8, 2008

Uganda Wildlife Education Centre



Var på tur til Entebbe på motorsykkel i helga - dels veldig artig, dels "Hjelp! Det er sånn folk dør! Mange folk!". Det ca. 35 km frå Kampala til Entebbe og området rundt her er veldig fint - mange åsar og grønt overalt.

Uganda Wildlife Education Centre vart starta som ein "barneheim" for dyr som ikkje kunne klare seg i naturen, og vart seinare ein meir tradisjonell dyrehage. No er hovedfokuset gått over til å være å utdanne folk, å oppfordre til bevarelse av miljøet dyra lev i.




Lake Victoria

- Var på Lido Beach Resort ved flyplassen etterpå, og eg har aldri kjent så varmt vatn før. Hadde egentlig berre lyst til å hoppe uti men då kunne turen tilbake blitt litt våt, noko eg trur han eg skulle sitje på med hadde vorte lite glad for...





Crested Cranes - Ugandas nasjonalfugl




Sebra




Nasehorn




Sjimpanse




Apekattar av forskjellige typar
















Påfugl prøvar å imponere