Wednesday, August 20, 2008

No veit eg korleis dørlåser virkar


Ingen kom for å fikse låsen i verandadøra, og sia det er såpass lett å komme seg inn der, og det alltid er masse bråk utanfor, skrudde eg frå kvarandre låsen for å sjå kva problemet var.

Alt gjekk bra heilt til ei fjør hoppa ut - og eg ikkje såg kor den hadde vore og ikkje kor den blei av. Fann den på golvet og putta den inn en plass før eg tukla litt med låsen, fann ut korleis den virka, og satte den på plass.

Den er ikkje heilt perfekt, litt "oops, der låste den seg ja...", eller så må man vri nøkkelen litt fram og tilbake men det går an å låse opp og det går an å låse att, og det gjekk det ikkje i går :)

"Vær stolt"


Såg ei dame rett ved her vi bor som gjekk i ei stor, rosa t-skjorte det sto "Vær stolt" på norsk på. Tvilar på om ho visste kva det betydde men det passa liksom så bra uansett :)

Aviser


Dei to største avisene heite The New Vision og Daily Monitor. Den første er styrt av staten og den andre er uavhengig. Litt forskjellig som sto der mandag og tirsdag:

- New Vision har Dilbert og Billy!
- Norwegian Refugee Council har ei ledig stilling
- Ugandas første sesong av Big Brother har starta
- Makerere University nektar å seie kor mange studentar som går der i år, og;

"Det nye semesteret skulle starta i helga. Det er ikkje klart om det skjer sia ansatte truar med å ikkje undervise dersom ikkje undervisningsfasilitetar og løn blir betra."

- Museveni (presidenten) var med då det blei utnevnt ein ny biskop, og han støttar kirka mot 'homoar';

"Disse utlendingane bør reise en annan plass og praktisere tullet deira der, før han beskreiv homoseksuelitet som mtumbavu (stupid / dumt), og gav den nye biskopen en Mitsubishi Pajero."


Saturday, August 16, 2008

Money money money


Vi var ute med Priscilla for å ta ut pengar så vi kunne betale husleia (900.000 for rommet og 50.000 for madrass, pute og et teppe, ca. 3500 kr totalt for fire og en halv måned). Etter en del fram og tilbake mellom to bankar og minibankar hadde alle fått ut pengar. Seddelbunkane var så store at det var ikkje sjans å få en tidel av den i lommeboka.

Sedlane går 1000, 5000, 10000, 20000, 50000. Myntar er 50, 100, 200 og 500. Når 1000 er ca. 3,50 kr så blir det en del å bære på. Tok ut 1.600.000 (ca. 5000 kr), og det blei en 4 cm tjukk seddelbunke. Ikkje rart ting kostar lite her - man får jo ikkje med seg meir pengar!

Dopapir kostar forresten masse - en pakke kostar ca. 10.000 - 35 kr. Ellers fann vi ut at enkelte ting er dyre (vin – frå ca. 125 for ei flaske) mens andre er billige (Smirnoff Vodka - 50 kr). Ikkje rart mange i Uganda har alkoholproblem...

Badet


Drypp. Drypp. Drypp. Drypp.

Det er vått på badet. Doen er lekk og man kan ikkje vaske hendene utan å bli våt på føtene samtidig. Eg fann ut kva problemet var og sa ifrå om det då vi var nede for å skrive under kontraktene.

Dama skjønte ikkje heilt problemet.

Eg: "Det er vått på golvet, for doen er lekk."
Dama: "Gjer det noke at det er vått på badet då?"
Eg: "Det går ikkje an å gå inn utan å bli våt. Og då blir jo soverommet vått."
Dama: "Ok...?" *ser bort på dei andre, skjønnar tydligvis ikkje heilt konseptet "vått", eg prøver å forklare*
Eg: "Viss eg går inn med sokkar, må eg ta dei av etterpå, for dei har blitt heilt våte."
Dama: "Kan du ikkje berre ta av deg på føtene då?"

Ho gav seg til slutt og dei skulle sjekke det ut. No har det vore en og fiksa det, og forhåpentlig varar det ei stund - det var visst fleire som hadde same problem, så det kjem nok tilbake.

Food Court, Garden City


Torsdag 14. august

No har det kome to andre frå Bergen, ei frå Sverige, to frå Østerrike og en frå Japan. Vi var på Garden City 'kjøpesenter' for å finne mat, drikke og litt forskjellig, men først skulle vi ete middag. Der var noke som heitte "Food Court" - eit rom med masse stolar og bord (stolar som satt fast i bord), og omtrent 6 forskjellige diskar langs veggane. Så snart vi kom inn og kelnerane såg oss kom dei springande.

Alle hadde menyar og det var om å gjere å gje den til oss fortast mulig og få oss til å bestille. Vi blei ståande, heilt omringa, og sjå på alt som blei vist oss. Då vi til slutt kom oss til et bord la dei menyane framfor oss, bladde opp, peika og sa navnet på rettane. Andre kom og la menyane sine oppå dei andre, peika på sine rettar. Vi blei *litt* satt ut der det sto dobbelt så mange kelnarar som vi var gjestar og venta på å sjå kven som "vann" - kven vi ville bestille frå.

Vi bestilte til slutt litt forskjellig og satt og såg etter om andre som kom fekk samme "behandling" som vi fekk. Kvite folk fekk litt meir oppmerksomheit enn svarte (vi ser vel veldig ut som dei (relativt) rike europeerarane vi er), men stort sett kasta kelnarane seg over folk så snart dei kom inn.

Nudlane var gode, folk var fornøyde, og det kosta ca. 65 kr for mat og drikke, og det var visst ikkje ein heilt billig plass... ikkje heilt som å gå ut i Bergen :P

Akamwesi Hostel


Onsdag 13. august

Fekk først velge mellom dei einaste to romma som var ledige på hostellet - ett i første etasje som mangla skapdører og ikkje hadde veranda. Og ett i andre etasje som ikkje hadde madrass, men der var skapdører - og utsikt inn i en murvegg.

Det i andre var ikkje vaska, så eg var på det i første i nokon timar før dei flytta meg. Det viste seg så at doen er lekk, verandadøra ikkje kan låsast og det er hol i den (men nokon har vore snill nok til å feste et postkort over det så det ikkje skal syne). Eg spurte korleis det kan vere mulig at dei berre har to ledige rom når det kom fleire den kvelden, men då skjønte dei ikkje kva eg sa lenger.


(Lurer på kva Arbeidstilsynet hadde sagt om det stillaset der...)


Seinare viste det seg og at her er en katt (fleire no) som hoppar opp og spring frå veranda til veranda (for her på baksida 'heng dei ihop'). Det er nokon hus nedanfor her og dei brenn ett eller anna døgnet rundt, røyken kjem hitover og luktar grusomt. Det gjer at det ikkje går an å ha oppe verandadøra i det heile tatt. Og murveggen viste seg å være ei halvferdig bygning – på oppsida bor folk, på nedsida og den hitover bygg dei fortsatt. Dei rare lysa var en som hang over en veranda og sveisa.

Så vart det kveld. Og kva gjer man om kvelden? Jo, man slår på generatoren. Den er 1x1,5 meter stor, er et par verandaer bortafor min og hører ut som nokon kjører traktor utanfor. Mulig eg var overtrøtt etter 60 timar utan noko særlig søvn, det gjorde liksom heile opplevelsen komplett.

Men slapp av Mamma og Pappa - det høres kanskje ikkje heilt bra ut alt det her, men eg likte egentlig rommet. Vi har faktisk eget bad - det har eg jo ikkje i Bergen engong! Og det er jo bra å ikkje berre vete, men faktisk oppleve, at noko som hos oss hadde vore uakseptabelt er luksus for andre.

Entebbe og Priscilla


Onsdag 13. august

Flyturen gjekk fort, alle hadde skjerm i setet framfor, med masse filmar, tv-program, musikk, lydbøker og anna rart. Vi fekk pledd, pute, tannbørste og tannkrem, sovemaske og høretelefonar. Eg hadde begge setene i rada for meg sjøl, det hadde dei aller fleste for flyet var berre halvfullt. Overraskande mange nonner og prestar..

Kom fram litt over halv åtte og det var varmt! Lufta lukta litt rart, men det gjer den visst overalt her. En frå Universitetet henta meg, og vi reiste til Makerere for å møte Priscilla som skal "ta vare" på oss frå UiB. Ho gjorde det ganske klart at eg heller burde ha kome om kvelden då dei andre kom, for då slapp dei å kjøre rundt med oss to gongar.

Ho var litt "uff no må eg fare og slepe på folk som ikkje skjønnar nokon ting". Ho var visst akkurat på same måte med alle dei andre som kom og vi følte oss alle ganske uvelkomne. Vanskelig å vere vant til å gjere alt åleine og klare seg sjøl, og så plutselig skal ha barnevakt som ikkje vil vere det.

Thursday, August 14, 2008

London


Tirsdag 12. august

Kom til Gardermoen klokka 6 og reiste igjen ca. 12. Kom til Heathrow ca. halv to (halv ett der). Det tok ei stund å reise frå terminal til terminal og å finne toget, men eg var på vei til byen klokka tre.

På Paddington Station kunne eg ikkje finne noken som solgte billettar til undergrunnen, så eg bestemte meg for å gå et stykke. Et laaangt stykke. Fann protestantar med flagg utanfor den russiske ambassaden. Og Kensington og Notting Hill, og til slutt undergrunnen.

Fann så første toget ned til Themsen. Fekk såvidt et bilde av Big Ben lant borte, og den store brua. Det var egentlig berre stress, gå fram og tilbake og ikke vete kor ting er. Skulle kanskje berre spart turen til seinare en gong :)

Og ka såg eg mens eg venta på toget som skulle ta meg tilbake til Heathrow? Dispensar på undergrunnen med kart over London - med alle attraksjonane. Kanskje er det sånne på alle undergrunnane, og kanskje hadde eg gått forbi dei tjue gongar dei siste timane...

Dei beste bildene var uansett frå lufta - vi måtte sirkle litt rundt før vi kunne lande og vi for rett over byen. Har aldri hatt så god utsikt til en by frå fly før.