Friday, October 31, 2008

Visa og Visum


Skulle hente pass og betale visum i dag (180.000 UGX - ca. 650kr). Kom fram til minibanken for å ta ut pengar. Tastar inn kode, beløp. Får tilbake kort. Får kvittering. Men ingen pengar.

Merkelig.

Ser på kvittering. Transaksjonen vart avvist.

Prøvar to gongar til med same resultat. Så ein gong i ein annan minibank som ikkje får kontakt med banken.

Mail til banken - svar: kortet har nok blitt avmagnetisert.

Jaha... Tok kortet ut av lommeboka for ei veke sia då eg skulle på markedet, men der er jo ingen magnetar i nærheita (den feilen har eg gjort før).

Bra eg har eit kort til.

...men det har og vore ute av lommeboka (sia det ville vore ein dårlig ide å gå rundt med begge korta på same plass). Viss det eine ikkje verkar vil nok ikkje det andre verke heller.

Forhåpentligvis har berre banken litt problem med forbindelsen.


Visum må uansett vente til neste veke :)

Saturday, October 25, 2008

Oppgåver


Overgangen frå to oppgåve per semester til 12 var litt vel brå - spesielt når vi ikkje har gjort noko på to månader. Komande veke skal eg levere ei oppgåve tirsdag og to torsdag. Har og to prøver på torsdag. Vi skal ha minst ei innleveringsoppgåve og ei prøve i kvart av seks fag før eksamen som startar om ein månad.

Oppgåvene vert skrivne på ein annan måte enn vi er vant til, og lærarane motseier seg sjølv heile tida - så vi oppdagar fortsatt nye ting (berre synd vi ikkje gjer det før etter at vi har gjort feil!) Hadde vore fint å iallfall få vete kva som var feil, ikkje berre at det var feil.

Skjønar ikkje korleis studentar her klarar det!

Thursday, October 16, 2008

Immigrasjonsmyndigheitene


Det er på tide å få seg studentvisum sia turistvisumet muligens har gått ut - det var ingen som blei einige om det gjaldt i to eller tre månader.

Først må man jo finne immigrasjonsmyndigheitene, og det er jo sånt man har internett til.

http://www.immigration.go.ug

Høres lovande ut. Adresse hadde dei og;

Plot 75, Jinja Road - Kampala

Bør kanskje sende mail og spør om det er der man får visum og (og ikkje berre eit slags hovedkontor), og kva det faktisk kostar. Nettet seie $20, mens andre fekk beskjed om $120. Og kanskje spør om dei og tar to timars lunsjpause.

Har dei mailadresse?

info@immigration.go.ug

Fantastisk. Sender mail.

Tre minutt seinare har eg få mail frå Mail Delivery System, noko som sjeldan lovar godt...


A message that you sent could not be delivered to one or more of its
recipients. This is a permanent error.

mailbox is full: retry timeout exceeded


Begynne å skjønne ho som ville kysse en norsk byråkrat når ho kom heim...

Wednesday, October 15, 2008

Lommetyvar


For første gang har nokon klart å stjele noko frå meg - mobilen min med sim-kort og minnekort, bilde og meldingar

Skulle på markedet og det var så masse folk at eg fann ut at no er det best å pakke mobilen godt ned i veska, men då var det for seint.

Heldigvis lagra eg dei fleste meldingane og bildene på dataen før eg reiste, forhåpentligvis mesteparten av nummera og.

Men allikevel!


Og det to dagar etter eg klarte å slå nesten alle Silje sine rekordar i Spider!!


Nytt nummer: +2560779603542


Friday, October 10, 2008

Haust


Honndalen



Litt rart å vete at det er haust heime, men det verkar litt som haust her og - det høljeregna heile natta, det lyna så det lyste opp heile rommet. Med null utsikt til himmel (kun inn i en murvegg) - og i tillegg tjukke gardiner som var trekt for - må det ha vore ganske fint å sjå på.

Det regnar ganske mykje her - i august var det 10-20 minutt eit par gongar i veka, så kom sola fram igjen. No varar det ofte timar av gongen og det regnar kvar dag. Men forskjellen mellom her og heime er vel at her er det fortsatt varmt, og sola kjem alltid tilbake så snart det sluttar å regne :)


Bildet under er ei av fleire kirker på campus.


Uganda

Wednesday, October 1, 2008

Katanga - Nkinzi Road





Nkinzi Road er vegen frå butikken til hostellet.

(trykk på bilda for større versjon)




















Litt tomt i bodene - vanlegvis folk overalt. Tirsdag var siste dagen av Ramadan og dei vart til slutt bestemt at det skulle vere ein offentleg helligdag.

















Heilt typisk ugandisk stillas... Det er forresten veldig mange plassar som reklamerar for maling her.












Utrulig mykje rart blir frakta på sykkel - kasser med brus blir bindt fast - tre oppå kvarandre på bagasjebrettet, og ei på kvar side. Regelen er visst "kan det surrast fast, så skal det surrast fast og så syklar vi litt i heilt vill trafikk og håpar å ikkje dø i dag".









Mange driv ganske provisoriske verkstadar her i området - bilane dukkar opp på alle tomme plasser - som på byggeplassen her.

Plutselig ein dag var der masse maskinar, og lastebilar som frakta bort jord. 20 meter av veien, og heile breidda, vart ei 15cm djup myr.






Det var umulig å kome forbi, folk 'klatre' langs kantana for ikkje å synke nedi. Å gå med sandalar gjekk ikkje bra - dei satt så godt fast at eg var sikker på dei skulle sletne - og å gå med vanlige sko var verre, då var dei dekka av gjørme når du kom over på andre sida. Det var trass alt lettare å vaske føtene enn å vaske sko, men vi endte opp med å gå en lang omvei i nokon dagar før lastebilane forsvann like plutselig som dei kom.







Bygninga bak den gule plakaten er eit av kirkebygga. Det har litt veggar og ein del tak, og det er langt frå nok til å stenge ute lydane av 'worship' kvar torsdag, fredag og lørdag kveld - for ikkje å nevne heile søndag, frå 8 om morgonen.















To hostell, Akamwesi er det gul-ferskenfarga til venstre. På den grøne bygninga held dei på å bygge fjerde etasje, men folk har for lengst flytta inn i både andre og tredje. I dei to bygga er det nokon bittesmå butikkar/kioskar.
















Skulevegen ned frå Makerere, der Nkinzi Road møter hovedvegen, Bombo Road.

Igjen kan syklar brukast til å transportere litt av kvart...
















Området er blandt dei fattigaste i Kampala, men held på å arbeide seg opp frå slum-statusen det har hatt så langt. Bygging av hostell for studentar langs heile eine sida av Nkinzi Road gjer at høgre sida har store bygninger, mens venstre sida fortsatt har mest små skur.