Saturday, October 25, 2008

Oppgåver


Overgangen frå to oppgåve per semester til 12 var litt vel brå - spesielt når vi ikkje har gjort noko på to månader. Komande veke skal eg levere ei oppgåve tirsdag og to torsdag. Har og to prøver på torsdag. Vi skal ha minst ei innleveringsoppgåve og ei prøve i kvart av seks fag før eksamen som startar om ein månad.

Oppgåvene vert skrivne på ein annan måte enn vi er vant til, og lærarane motseier seg sjølv heile tida - så vi oppdagar fortsatt nye ting (berre synd vi ikkje gjer det før etter at vi har gjort feil!) Hadde vore fint å iallfall få vete kva som var feil, ikkje berre at det var feil.

Skjønar ikkje korleis studentar her klarar det!

1 comment:

Anonymous said...

Husker jeg opplevde akkurat det samme i Australia. Masse oppgaver som måtte hele tiden leveres inn. Og mange av de telte faktisk på sluttkarakteren.

Tydeligvis en norsk ting at vi har få oppgaver. :P