Honndalen

Litt rart å vete at det er haust heime, men det verkar litt som haust her og - det høljeregna heile natta, det lyna så det lyste opp heile rommet. Med null utsikt til himmel (kun inn i en murvegg) - og i tillegg tjukke gardiner som var trekt for - må det ha vore ganske fint å sjå på.
Det regnar ganske mykje her - i august var det 10-20 minutt eit par gongar i veka, så kom sola fram igjen. No varar det ofte timar av gongen og det regnar kvar dag. Men forskjellen mellom her og heime er vel at her er det fortsatt varmt, og sola kjem alltid tilbake så snart det sluttar å regne :)
Bildet under er ei av fleire kirker på campus.
Uganda
1 comment:
Har du både regn OG varme? Det hører liksom ikke sammen. Når det regner skal det være kaldt, slik som i Bergen. :P
Post a Comment