Monday, September 1, 2008

Internett

Problemet med eee'en er at den ikkje klarar koble seg til trådløse nettverk. Den klarte det fint i Bergen, det gjekk til slutt heime (og var aldri problem etter det), men nettet på hostellet kjem den seg ikkje på.

Etter masse roting og installering og prøving og feiling begynte det å gå. Litt og av og til. Men plutselig klarte den ikkje å finne nokon av dei 4-5 nettverka som er der. Den fann ikkje nettverk andra plassar heller, og ingenting hjalp.

Etter å ha brukt mange dagar på å gå gjennom alt eg hadde gjort, funne merkelig tegn skreve inn i program, og installert alle oppdateringspakkar på nytt, då fann den til slutt nettverk igjen.

Men då gjekk det ikkje an å koble seg på, uansett om eg gjorde det som hadde virka før. Det er vel berre å fortsette å prøve, kanskje eg kjem meg på i fem minutt til slutt.


I tillegg har internettcafeen bestemt seg for at usb-pennen min har fått virus, og nektar derfor å åpne en del mapper og filer - blant dei bildene eg har tatt. Det eg gjorde før var å legge bildene frå kamera på eee, overføre til usb, plugge den inn på internettcafe og legge ut postar her derfrå. Sia det ikkje går lenger er det litt vanskelig å få lagt ut bilde og tekst her, men forhåpentligvis blir det snart bedre.

Ikkje sikker korleis, men no VIL eg få eee til å virke!

1 comment:

Anonymous said...

har du fått adresse so kan eg sende deg ein pakke fisherman.
pappa.